Klatring - noko for deg?


Er du nysgjerrig på kva klatring er for noko? Tenker tilbake på barnedagar i høge trær med kitling i magen?

Nokre ser på klatrarar som hardhausar og spaningssøkjarar. Dei finnast vel óg. Men dei fleste av oss er heilt vanlege barn, ungdommar og leikne vaksne. Me var nysgjerrige på sporten og nærma oss med sommarfuglar i magen og yr glede: får eg det til, mon tru?

Mange av oss har framleis barnedagane sin iver med oss når me tek på oss klatreutstyret og klyv opp i høgda. Me leikar oss i inneveggar og bratte fjellsider med vind og sol i håret. Får liksom aldri nok.

Det er ei sjeldan oppleving som vaksen å finne att denne kilinga i magen etter å prøva seg på å komma seg opp! Ungar med 1000 maur i beina, hengslete ungdommar som anten diggar eller kanskje ikkje i det heile kjenner seg heime i lagidrett, vaksne med kontorrygg, studentar, høge & låge. Alle vert me utfordra av veggen: vinn me over han i dag?

Det er gøy og spanande å klatra. Utviklande, både fysisk og mentalt. For det handlar ikkje om å ha store musklar, sjølv om dei kjem godt med.

Det handlar om kombinasjonen av kreftar, viljestyrke, balanse, ro, tillit til den som sikrar deg og koordinasjon av rørsle. Det handlar om å ikkje gje seg og å kjenne etter korleis øving gjev meistring. Meistring som gjev sjølvtillit og som gjer at ein vågar å prøva seg på noko nytt i veggen som ein ikkje trudde ein ville våga å prøva seg på. Såleis gjev klatringa verdifull meistringskompetanse som du kan nytta i livet elles.